(0)

Det Nye Testamentet Bibelen 2011 Nyn

lydbok


Det nye testamentet er ei samling av 27 skrift frå tidleg kristendom som omhandlar Jesus Kristus og den tidlegaste kristne teologien og forkynnelse. Det nye testamentet utgjer den spesifikt kristne delen av Bibelen. Han kom i tillegg til den delen av den kristne kanonen som er felles for jødar og kristne, Den hebraiske bibel, som dei kristne kalla Det gamle testamentet, «den gamle pakta». Nemninga Det nye testamentet etablerte seg rundt 200 e.Kr., og kjem av latin Novum Testamentum, av gresk kaine diatheke, 'den nye pakta'. Nemninga uttrykker at dei kristne påkalla seg løftet om ei ny pakt i Jeremias bok i Det gamle testamentet (kapittel 31,31–34), og såg på seg sjølv som folket til denne nye pakt (jfr. Lukasevangeliet kapittel 22,20, Paulus' andre brev til korinterne kapittel 3,4 og Brevet til hebrearane 8–9). Skrive av Turid Karlsen Seim (Universitetet i Oslo) Henta frå Store Norske leksikon


Oppleser: Helga Samset
Varighet: