(0)

Dei tre bukkane Bruse

lydbok


Det var eingong tre bukkar som skulle gå til til seters og gjera seg feite, og alle tre så heitte dei Bukken Bruse. På vegen dit var det ei bru over ein foss. Under den brua budde eit stort, fælt troll, med auge som tinntallerkenar, og nase så lang som eit riveskaft. Fyrst kom den yngste Bukken Bruse og skulle over brua. Tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua. 'Kven er det som trippar på mi bru?' skreik trollet. 'Å, det er den minste Bukken Bruse; eg skal til til seters og gjera meg feit,' sa bukken, han var så grann i målet. 'No kjem eg og tek deg,' sa trollet. 'Å nei, ta ikkje meg, for eg er så liten eg; bi berre litt, så kjem den mellomste Bukken Bruse, han er mykje større.' 'Ja, la gå då,' sa trollet. Etter ei lita stund kom den mellomste Bukken Bruse og skulle over brua. Tripp trapp, tripp trapp, tripp trapp, sa det i brua. 'Kven er det som trippar på mi bru?' skreik trollet. 'Å, det er den mellomste Bukken Bruse, som skal til til seters og gjera seg feit,' sa bukken; han var ikkje så grann i målet, han. 'No kjem eg og tek deg,' sa trollet. 'Å nei, ta ikkje meg, men bi litt, så kjem den store Bukken Bruse, han er mykje, mykje større.' 'Ja la gå då,' sa trollet.