(0)

Pannekaka

lydbok


Det var eingong ei kone som hadde sju svoltne ungar, og dei steikte ho pannekaker til. Det var råmjølks-kake, ho låg i panna og este seg så tjukk og god, og ungane stod omkring, og gamlefar sat og såg på. 'Å, la meg få litt pannekake, mor mi, eg er så svolten,' sa den eine ungen. 'Å kjære deg,' sa den andre. 'Å kjære, vene deg,' sa den tredje. 'Å kjære, vene, snille deg,' sa den fjerde. 'Å kjære, vakre, vene, snille deg,' sa den femte. 'Å kjære, vakre, vene, gode, snille deg,' sa den sjette. 'Å kjære, vakre, vene, gode, snille, søte deg,' sa den sjuande, og så bad dei om pannekake alle saman, den eine vakrare enn den andre, for dei var så svoltne og snille. 'Ja, barna mine, bi no berre til ho vender seg,' sa ho - til eg får vendt ho, skulle ho sagt - 'så skal dykk få pannekake alle saman; sjå berre kor tjukk og velnøgd ho ligg der.' Då pannekaka høyrde dette, vart ho redd, og rett som det var, så vende ho seg av seg sjølv og ville ut av panna; men ho fall ned att på den andre sida, og då ho hadde steikt seg litt på den og, så ho blei fastare i fisken, spratt ho ut på golvet og trilla avstad som eit hjul ut gjennom døra og bortetter vegen.